Havnereglar Grannabryggjo

§ 1 Tilvist båtplass
Medlemen disponerer ein tilvist plass frå styret. Styret kan tilvisa annan plass.Grannabryggjo eig plassen, men vert nytta av medlemen mot innbetalt depositum og kontingentar.

§ 2 Styret sitt ansvar
Styret har ansvaret for at hamna er i god stand til ei kvar tid, og ser etter at vedtektene og reglane til båtlaget vert haldne. Styret fører oversyn over båteigarar som er tildelt plass i hamna, og syter for at båtlaget til ei kvar tid veit kven som er tildelt plass kvar i hamna.

§ 3 Depositum
Medlemen betaler depositumet etter breidda (brutto) på båtplassen. Storleiken på plassen, (breidd og lengd), skal i størst mogeleg grad tilpassast storleiken på båten. 

8 meter utliggjar kan nyttast til båtar inntil 32 fot, medan 6 meter utliggjar kan nyttast til båtar inntil 26 fot. Båtlengda inkluderer baugspyd, badeplattform, davitar inkl. jolle med påhengjarmotor. Båteigaren må retta seg etter styret si tilvising vedkomande breidda på båtplassen og lengda på utliggjar.Båteigaren pliktar straks å melda frå til styret om skade eller uregelmessige hendingar i hamna. Skade som båten påfører hamneanlegget, skal båteigaren kosta og reparera etter tilvising frå styret. 

§ 4 Forsikring og registrering
Alle pliktar å ha båtane sine ansvarsforsikra. 

§ 5 Krav til fortøying
Fortøyning av båt til flytebrygge med utrigger.

Standard fortøyning når du skal legge til ved en flytebrygge med utriggere, er å legge to tau i baug og to i akter, slik at båten er fortøyd på begge sider. Dersom lengden på båten er lenger enn utriggerne, må det også legges ut akterspring og baugspring på hver side. Springfortøyningene hindrer båten i å bevege seg frem og tilbake, slik at den ikke jager i båsen. I tilfeller der båten har kryssholt på midten, kan springene føres fra denne og ut til utriggerne, ytterst og innerst. Dersom båten ikke har kryssholt i midten, kan springene føres fra midt på utriggerne til kryssholtene i baug og akter.
For å unngå rykking i tauet som kan gjøre skader på båt og brygge ved mye sjø og vind, må det også benyttes strekkavlastere på fortøyningene. Pass også på at båten blir liggende midt i båsen når du fortøyer, slik at den ikke ligger og gnager mot utriggerne. Ligger den stramt i fortøyningene, blir det også en jevnere belastning på tauene. Husk også å henge ut fendere som støtdempere på hver side av båten.
All fortøyning til utriggere skal skje ved tauverk (ingen bruk av sjakler).
Havnesjefen kan gi pålegg om utbedring eller utskifting av fortøyninger som er dårlige eller mangelfulle. Fortøyningene skal være så stramme at kontakt med sjø ikke forekommer.
Det skal av sikkerhetsgrunner ikke forekomme flytende tauverk i havnen.
Havnesjefen har myndighet til å vurdere hvilke båter som trygt kan fortøyes ved flytebryggene.

§ 6 Krav til båten
Alle båtane i hamna skal vera i rimeleg bra stand, også estetisk. Båtar som med sitt nærvære skjemmer, er til forarging og som ikkje oppfyller desse krava, skal visast bort.

§ 7 Brannsikring
Brannlovgjevinga sine krav om generell varsemd gjeld, og den enkelte båteigar pliktar å sikre seg mot at brann oppstår i hamna eller under opplag på land. Såleis skal alt elektrisk utstyr som skøyteleidningar, arbeidslampar, varmeomnar m.m. vera av godkjent type og i forskriftsmessig stand. Slikt utstyr kan likevel berre nyttast når brukar er til stades. Vert det brukt elektrisk oppvarming utan kontinuerleg tilsyn, skal det berre brukast elektriske omnar som er godkjent for slik bruk. Det same gjeld for anna oppvarming. Lause kanner med bensin og propan etc. skal i minst mogleg grad lagrast ombord i båten, anten den ligg i båthamna eller i vedlikehald på land. Det skal visast størst mogeleg aktsemd ved bruk av open eld, og røyking i samband med bruk av eldsfarleg veske eller gass er strengt ulovleg.

§ 8 Vedlikehald og orden på båtplassen
Kvar medlem må sjølv regelbunde føre tilsyn med sin plass. Feil som båteigaren ikkje sjølv kan retta, skal han straks melda frå om til styret. Skadar på båtplassen som skuldast dårleg fortøying eller aktløyse, skal belastast den enkelte båteigar.

§ 9 Lagring og garnreinsk på flytebryggjene
Sløying av fisk, garnreinsk og lagring av garnkassar eller andre ting på flytebryggjene er ikkje tillate. Det er heller ikkje lov å sløya/renska fisk i båthavna. Dette gjeld heile området til Grannabryggjo.

§ 10 Manøvrering
i hamneområdet
Båteigarane pliktar å retta seg etter fartsavgrensinga i hamneområdet, og skal visa stor aktsemd ved manøvrering. Stor fart medfører fare og lagar sjø, og er til unødig sjenanse og irritasjon for andre medlemar og må ikkje førekoma. Styret skal ved melding om slike hendingar, gje vedkomande båtførar ei åtvaring som han straks pliktar å retta seg etter.

§ 11 Bruk av opptrekksplass
Opp- og utsetjing av båtar i hamna skjer på båteigaren sitt eige ansvar, slik òg med all anna ferdsel i hamneområdet.  Alle pliktar å rydda skikkeleg opp etter seg etter bruk.
Ikkje tillatt å oppbevare båthengere etc. i havneområdet.
Lagring av båt på land begrensast til vedlikehald av båt oppad til xx veker, og avtalast med havnesjef.

§ 12 Ro, orden og reinsemd i hamneområdet
Over alt i hamneområdet skal det til ei kvar tid vera orden og reinsemd. Fiskeavfall må ikkje kastast i hamnebassenget eller på land, heller ikkje avfall og skrot. Alle har plikt til å ta med seg avfall frå Båthavna.Det skal vera alminneleg nattero mellom kl 23-07. Arrangement på området skal varslast styret i god tid.Vedtektene og reglementet til båtlaget vert gjort kjent for alle medlemane, og dei pliktar seg ved medlemskapen sin å fylgja desse.Brot på vedtektene og reglementet, eller pålegg gjeve av styret i samband med dette, kan føra til eksklusjon og bortvising frå hamna.§ 13 Meldingar til medlemeneMeldingar til medlemene vert gjort kjende ved e-post.

§ 14 Tvistesaker.
Styret er tvisteinstans båteigarar mellom.